fredag 22. januar 2010

Hei, og god helg!

Her i Douentza har eg hatt ei relativt ordinær veke, og skal ha ei rolig helg, i det minste fram til søndagen. På søndag reiser vi nemleg ned til Sévaré og skal være der ei veke. Då flytter vi skulen og barnehagen til den norske skulen der. Her er det stor plass og boltre seg på, og moglegheit for symjing i eit av bassenga i nærleiken.


Sist helg var eg på kamelovernattingstur frå laurdagen til søndagen, saman med Lise og to vener av ho, Ragna og Geir. I tillegg var kameltemmaren Ibrahahim med oss, saman med kameraten Hilovat. Målet for turen var den vakre sanddyna som ein finn ikkje så alt for langt frå allfarveg. I effektiv ridetid måtte ein rekna 3 timar kvar veg, men vi tok oss god tid. På turen var det høns til kvelds, og ris til morgons, tilbredt av Ibrahim og Hilovat. Det vart fortreffelige måltid, både frukosten og kveldsen.


På onsdag kan det nemnast at eg gjekk i vielsen åt systera til hushjelpa min. Det var flott å vise ære til familien, samt representere MELM, på slike festdagar. Eg kunne ikkje få med meg sjølve festen, då eg hadde barnehage same dag, men eg fekk permisjon til å være tilskodar i sjølve vielsen.

Når det gjeld hushjelpa min har ho i tillegg nett fått sitt fjerde barn, ei jente, denne gongen. På ettermiddagen same dag gjekk difor Lise, Silje og eg på barselsbesøk hos henne. Kulturelt er det muligens feil for ein mann å gå på vitjing på denne måten. Likevel vart eg teke godt i mot, og personleg hadde eg følt det vart meir feil og ikkje vise omtanke, og interesse i det heile tatt.


Elles kan det nemnast, at geitebukken Emmanuel, no ligg i fryseboksen åt naboen. Den var med tida blitt ein villstyring, som stadig ville røma, og fylgje etter hogeitene i andre flokkar.


Mødrene Linn og Pysa går framleis stolt med sine to killingar, samt geita Smilodon. Desse går no heime i hagen, og det er jo hyggjeleg, både for liten og stor.


Ynskjer dykk alle ei fredfull helg!



Her kjem reiselederane våre, med kamelane sine.



Ett myggtelt er greitt å ha. Ikkje berre for myggen, men også i tilfelle slangar og skorpionar. Vi såg faktisk ein av sistnevnte søndagsmorgon.


Den eine kamelen slappar av, og kjøler seg ned med eit sandbad i skuggen.


Her er utsikten frå sanddyna.

onsdag 13. januar 2010

Godt nyttår til den enkelte!

Ja, no er det faktisk 3 veker sidan sist innlegg her på bloggen, og det er ny rekord! Sidan sist har eg hatt flotte veker med julefeiring, nyttårsfeiring og ikkje minst familiebesøk i to av desse vekene. Familien kom seint om kvelden 3. Juledag, og var i landet, til laurdag 9. Januar. Vi hadde flotte dagar saman, og eg er takknemleg for at dei har fått ta del i glimt av kvardagen her nede, med alle inntrykka og opplevingane ein får med seg.

Sjølv kom eg attende til Douentza i går, etter å ha tatt farvel med familia i Bamako på laurdag, og sjølv vart eg igjen der nokre dagar. Godt å kjenne litt på storbylivet i millionbyen. Her bur også ettåringen Knut, så vi var saman på sundagen, og mandagskveld. Flott å treffe han også igjen!

Elles er det blitt tre born i barnehagen no, og ein ny elev på skulen, då Edland familien er komne ned. Det blir flott å verta betre kjende med dei alle!
I tillegg kan det nemnast at prosjekt skulehage er i full gang! Lise har besøk av to venner fra Noreg, som har med fleire frøsortar av diverse grønsaker! Så i dag var både barnehagen og skuleelevane i full gang med å hakke opp jorda, kjøre på gjødsel, og vatne jorda! Det blir spanande å få sjå resultatet av dette!

På dyrefronten må det nemnast geita pysa også er blitt mor til ei ho geitekilling. Denne har forebels ikkje namn, så det kan være eit hint. Så nå går dei to mødrene, med dei to små heime her, og nyt livets glade dager, medan dei to geitebukkane framleis er på gjeting.


Her er familia samla, med Douentza i bakgrunnen!


Far og son i Afrikaklede på nyttårsaftan!

onsdag 23. desember 2009

God jul til den enkelte!

Ja, no er vi alt komen til lille juleaften. Himmelen er blå, og temperaturen er 32 grader, no midt på dagen. For ein som mest aldri har opplevd kvit jul, er det litt trist at eg ikkje får oppleve all snøen det rapporteres om frå Rogaland. Ja, det blir ei spesiell jul i år, i framandt land, og med framandt språk og kultur. Gleda er likevel stor fram mot søndag, då familien min kjem til hovedstaden Bamako, for å være her i 13 dagar. Det blir flott!

Men kordan feires jula i Douentza? I dag har eg saman med fire av borna og lærer Eva sett tre episodar av Jul på månetoppen. Vi var litt på etterskot, så vi måtte ta igjen nokre episodar. I tillegg skal eg i kveld få komme til julefeiring hjå direktørfamilia i MELM. Det blir stor stas! I morgon, juleaften er det opplegg i kyrkja frå klokka 18, med julemiddag og gudstjeneste. Seinare på kvelden er vi nokre som har planlagt leirbål på sanden utanfor hjå meg. Å få sjå stjernehimmelen julenatt, med klårværet her i landet, kan bli eit stemningsfult skue!

Elles kan det nemnast at eg i helga var ein tur i Dogonland. Det var ein flott tur, der ein fekk sjå dei tradisjonelle bygningane samt heilage krokodillar!

Ynskjer dykk alle ei god og velsigna julehøgtid!

"I dag er det født dere en frelser i Davids by; han er Messias, Herren."




tirsdag 15. desember 2009

God adventstid til den enkelte!

Her i landet går det med det samme gamle. Kvardagen har inntruffe meg, men kjenner eg trivst godt i min nye kvardag, i nye omgivelsar her i landet. No er det adventstid som dominerer skulen og barnehagen, og det er flott å jobbe med barn i denne tidea, og ta del i deira glede. På laurdag var det i tillegg bakedag i team Douentza, så no har både kakemenn og pepperkaker i hus. Det slappar eg av med.

Elles går det flott med geitekillingen Karoline som er blitt 8 dagar gamle. Karoline var eit namneforslag frå borna i barnehagen. I dette innlegget legg eg ved nokre bilete, frå då killingen berre var 1 dag gammal.






Vidare kan det nemnast at eg på torsdag var på ein lengre fjelltur. Kanskje ein av den lengste, då vi starta ved bilen klokka 9 og kom ned igjen klokka 17. Det var det same fjellet vi hadde godt på før ved eit høve. Denne gongen gav vi oss ikkje før vi kom til ein liten landsby. Og etter 3, 5 times gange, med eit par pausar kom vi fram til ein landsby, midt oppe på eit stort fjellplatå. Legg ved nokre bilete frå denne turen til sist i dette innlegget.






mandag 7. desember 2009

Geita Linn har blitt mor!



Geita Linn som eg kjøpte ein gang i september, har no hatt ein killing 5 månader i magen, og født ei dotter i dag, 7. Desember. I skrivande stund er killingen framleis under 2 timar gamal, og hverken mor eller dotter var særleg fotogen på dette biletet. Tenkte eg kunne leggja ut eit par bilete til i morgon i dagslyset og. Bilete over er nemleg tatt etter mørkrets frambrot. Eg vonar den klarer seg godt over natta. Den var endå ikkje heilt tørr og kjendes litt kald, og nettene her kan gå under 20 grader, men killingen ligg godt inntil mora i det minste; og dei skal visstnok greie seg godt med 15 grader som nyfødde.

At Linn hadde born i magen hadde eg ei aning om, då også tidligare gjeterar her i landet hevda det same. At det skulle skje så snart, var vel meir enn eg hadde forventa, så det var ei hyggjeleg førjulsgåve. Eg er open for å lytta til namneforslag for geitekillingen.
Når det gjeld gjetar, kan eg leggja til at eg kjøpte meg eit gjeterantrekk i går på marknaden her i byen. Så det er vil på sin plass at eg lar meg avbilde med dette, saman med geitene ved eit seinare høve.

Også i hønsegården skjer det saker og ting. Hønsa mine er visst særs rugevillige, nesten i overkant, då eg kunne tenkt meg å spist nokre av egga. I staden for går hønene knapt av egga, og i skrivande stund ligg to av dei på egg, og der ein kylling vart klekt ut i dag. Så det er også stas!

Med ynskje om ei advenstid i fred!

søndag 6. desember 2009

Dødens dal, potetkaker og spyttekobra...

er blant hovedingrediensene denne helga.

På fredagskvelden, då eg var på veg inn i huset mitt og det var blitt mørkt, såg eg noko som bevega seg rett ved døra. Det viste seg at dette var ein spyttekobra. Denne kan ha dødelig bitt, og blinde augene på offera sine, seier wikipedia. Sjølv fekk eg sjå å betrake den i kanskje 10 sekund, då den var på veg ned frå trappa mi. Den var nok reddare meg enn omvendt, sjølv om eg ikkje skal nekte for at eg var noko skrekkslagen. Like etterpå vart det sett i gang ei stor jakt for å finne att slangen, dessverre til inga nytte... Same dagen hadde tanken slått meg at eg forebels ikkje hadde sett hverken slangar eller skorpionar i dette landet, sjølv om eg i grunn slappa av med det...(Bilete under er eit illustrasjonsfoto av spyttekobraen.)




På laurdagsformiddag baka eg potetkaker saman med lærerkollegene mine Eva, Svein og Lise. Det var ein flott formiddag, og vi kunne feira det fullførte arbeid med god mat og kaffi etterpå. Dersom nokon vil vita menyen, var den potetkaker. I tillegg har eg no 15 potetkaker liggjande i fryseboksen min. Det er noko eg slappar godt av med, då eg er særs glad i potetkaker. Så takk til Lise for å ha delt av sin kunnskap om kordan ein lagar potetkaker.

Seinare denne laurdagen gjekk nokre av oss frå team Douentza, til Dødens dal, 45 minuttars gange frå byen. Dette er ikkje meir alvorleg enn at der var nokre tidlegare dogongraver i ei av fjellsidene. Det var litt stilig å være der, og sjå inn i hulene på alle skjelletta, og hovudskallane. Under har eg lagt ved to bileter frå turen. Legg merke til gravene i fjellsida, på det øvste bilete. På det nedste bilete ser vi inn i dødens dal.




Elles kan det nevnast at vi på torsdag hadde ein liten biltur ut i bushen. Her kom eg over eit stilig motiv. Nemleg ein stranda lastebil som hadde sett seg fast, og ein flokk gjetergutar framom denne. Maliarane synes alltid det er stas med kvite som har kamera, og stilte seg villig opp for eit foto.


Så nokre ord om advent. No kan vi alt tenne to lys i adventskransen, og det nærmar seg snart jul. Det er eigentleg ikkje mykje som minnar om jul i dette landet. Her er det sol og 30 grader, ingen julegater, heller ingen butikkar som minnar meg om at det snart er jul. Det er mest kalenderen som minnar meg om det. Likevel gler eg meg over å spela julemusikken eg har på Macen min. Samstundes er barnehagen fast inventar når skulen startar dagen med "Jul på månetoppen". Så det snik seg kanskje inn i form for julestemning likevel. Samstundes skal eg vedkjenna at det er litt trist og tenke på at eg ikkje skal heim til jul i år. Og julesongane gjer meg litte grann sentimental når eg tenkjer på det. Samstundes er det flott med denne eine månaden i året vi har lov å spela dei flotte, gode gamle songane.

Når eg talar om advent og jul, må det seiast at eg gler meg til 3. Juledag. Då kjem nemleg foreldrene mine og bror min på besøk her til Mali. Vonar vi får flotte dagar i lag. Det blir fint å la familien min ta del i dei mange inntrykka eg opplever her, samtidig som dei får sjå litt av korleis kvardagen min er her i landet.

Helsar dykk med eit av versa frå den kjende julesalmen: "Å, kom nå med lovsang".
"Herre, vi hyller  
deg som kom til jorden.
Barn Jesus, deg hører
velsignelsen til.
Ordet ble kjød og
bor i dag i blant oss.
Kom tilbe ham guds under! 3X
Vår Herre Krist!"



lørdag 28. november 2009

Ei veke i Sévare, med dagstur til Djenne.

Hei til den enkelte!

Her i landet har eg det framleis flott. Denne veka har det vore stabsmøter i Sévaré, og difor har både skule og barnehagen flytta ned hit. Her i Sévaré er det ein større skule, og moglegheiter for å gå i basseng, difor er det flott både for oss tilsette og borna og komme ned hit inn i mellom. I tillegg er det gode moglegheiter for å gå på restaurantar her i Sévaré, ei moglegheit som er begrensa i Douentza. Så her har eg vore på restaurant kvar kveld, noko eg slappar godt av med.

På torsdagen var Knut og eg på ei dagstur til byen Djenne. Denne ligg på ei øy, omlag 130 kilometer frå Sévaré. Det var ein spannande by, som har ord på seg for å være den vakraste i Mali, med ein del vakre bygningar, der ein har lagt vekt på arkitekturen. Elles må det nemnast at byen er berømt for å ha verdas største jordmoské, som følgjeleg også er verdas største jordbygning. Særs mange av husa her i Mali, vart nemlig laga av jord, og Djenne har altså den størte jordbygningen i verda.

I dag har særs mange sauer mista livet her i Mali. I dag er nemleg tabaskifesten, eller sauefesten. Alt er stengt her i dag, og det er nærast som ein nasjonaldag. Difor kjente eg litt på noko av den samme kjensla eg har på 17. Mai, i Norge, og kjenner det var flott å sjå alle menneska som har teke fram dei finaste kleda for dagens fest. Sjølv tenkte eg å feire dagen ved eit basseng her i Sévaré, og slappe av i sola, og lese i bok.

Ynskjer dykk alle ei framleis god helg!




Her ventar vi på ferja over til Djenne.



Her vaskar kvinnene klærne og kjøkkenutstyret sitt i elva utanfor Djenne.



Her er utsikten over Djenne, frå eit av hustaka i byen. I bakgrunnen ser ein moskéen i byen.




Her står eg framfor verdas største jordbygning, moskéen i Djenne.



Her er nokre festkledde born i Sévaré klare for Tabaskifesten!

søndag 15. november 2009

Overnatting i bushen.

God søndagskveld ønskes den enkelte!

Sidan sist kan eg fortelja at eg saman med Frode og Kjell Magne hadde ein overnattingstur ute i bushen, frå onsdag til torsdag. Vi starta 0630 frå heimen onsdagsmorgonen, før vi la ut på tur. Hovedmålet for turen var å besøke tre kontaktar Kjell Magne har, som bur noko vanskeligare tilgjengelig. Bocari og familien hans budde for eksempel ein halv annan times fjelltur, frå slettene der vi parkerte bilen. Når eg skriv at fjellturen var på halv annan time, er dette ei sanning med modifikasjonar. Det har seg nemleg slik at vi mista stien ganske kraftig, og måtte nærast drive fjellklatring gjennom tornebuskar og andre buskar... Det var litt stress, men framleis ein flott tur, så vi klaga ikkje for mykje. Bocari var særs glad for å sjå oss då vi kom opp til han og familien, og han var så venleg å vise oss vegen ned att seinare på ettermiddagen.

Elles slo vi opp myggtelta våre, og hadde leirbål med kokt ris på kveldsmenyen. Det var flott å være ute i naturen på denne måten, og sovna under den klare og vakre stjernehimmelen. Om du tenkar på slangane og skorpionane og myggen gjorde eg og det. Så eg var glad vi hadde myggtelt. Når det gjeld slangar og skorpionar har eg til gode å sjå desse vesena her i Mali. Det slappar eg for så vidt godt av med.

Når det gjeld dyra har eg gjeve lite oppdateringar i det siste. Høna som hadde 11 kyllingar har no dessverre ingen igjen. Dei vart alle særs reduserte av å mista synet på eit eller begge av augene. Høna som hadde 2 kyllingar har no 1 kylling. Den eine av desse trur eg er teken av ein katt eller noko. Men den eine kyllingen lev godt, og er kvikk og rask. Så det er gledeleg. Elles har eg kjøpt eit par nye vaksne høns og ein ny hane. Så status no er 5 voksne høner, 1 hane og 1 kylling.

Elles har geitene det bra. Eg har fått eit spørsmål i kommentarfeltet kvenn av geitene som heiter Linn. Det har seg nemleg slik at to av dei har namnet Emmanuel og Linn. Eg har no kome fram til at Linn er geita av hokjøn, som moglegeins ventar born. Medan Emmanuel som er eit gutenamn, er bukken åt Kjell Magne. Så fekk ein oppklaring i dette. Eg burde moglegeins lagt ut bilete av ei og ei geit, med namn under, men får sjå kva eg har overskot til. Geita "pysa" er forøvrig slett ikkje ei pyse lengre. Ho er ei blitt ei av dei mest tillitsfulle no, så det er koselig. Det er no geita Linn som held mest avstand til oss menneskje.




Her ser dykk ein fiskar vi traff på overnattingsturen vår. Det spesielle med denne fisken er at han er fiska i nokre store vatnhol, som etter kvar tørkar inn. Så overvintrar han i nokre fuktige jordsmonn til slutt trur eg...




Her ser dykk underteikna på gårsdagens kameltur.

søndag 8. november 2009

Fjelltur i Douentza!

Lørdagsmorgen ringte vekkerklokka i tidlegaste laget, klokka 06.30. Vi skulle nemleg på fjelltur, og vi skulle starte klokka halv åtte. Det vart ein nydeleg tur, om enn noko lang. Målet for turen var å komma seg opp til toppen, til eit av fjella som omgir Douentza, ein 6 kilometer lang køyretur frå byen. Her skulle det nemleg være opp til fleire landsbyar på toppen. Dessverre kom vi oss aldri heilt opp til toppen, då vi mista stien og gjekk ein lang ein omveg. Dette la likevel ikkje nokon dempar på humøret og turgleda, då det var flott å komme seg ut.

Det er stilig å gå slik oppover fjella, og treffe dei lokale som gjekk nedover mot Douentza. Det var ikkje få som vart forundra då 4 kvite plutseleg er langt frå allfarveg, og går i fjella, tilsynelatande utan nokon grunn. Akkurat det trur eg mange lokale undrar seg over i dette landet. Nemleg "tobagoens" trong til å gå eller springa seg ein tur, utan mål og meining. (Tobago er det ordet alle ropar etter oss kvite i dette landet). Turen vart ein dagstur, og eg var heime igjen klokka tre, ein smule trøytt og klar for middag. Likevel tek eg med meg opplevinga og impulsforandringa turen gav meg.

I dag er det søndag, og eg har hatt ein roleg dag forebels. Starta dagen med pannekaker til frukost. Eg har starta ein viss tradisjon på å lage meg det i helgene.
Elles har eg ei von om å se Chelsea- Manchester United på TV i dag. Det er nemleg ein av dei lokale ungdomane som har ein stad han bruker å sjå litt Premier League, så det hadde vore flott om vi fekk til det.

Med ynskje om ein god sundag vidare!



På bilete over ser du fjella som var målet for turen. Dei grøne markene ein ser i bakgrunnen er ris, som blir dyrka berre 6 kilometer frå Douentza.


Igjen kan ein leggja merke til risen, og det grøne landskapet.


Her er Kjell Magne og eg kledd i turban. Ein treng litt beskyttelse mot den sterke sola.



Her kjem Lise gåande med hunden Bulle i fjellsida.

søndag 1. november 2009

Vestlandsvær!!

Hei til den enkelte! Det siste døgeret har vore herleg her, reint temperaturmessig. I går var det nemleg regnbyger heile dagen, medan det regna i heile går kveld og natt til i dag. Det var mest som eg syntes det var kaldt i går, med vinden og regnet, sjølv om det framleis var rundt 23 grader. Eg snakka med ein misjonær som hadde vore 8 år i Douentza i går, og han hadde aldri opplevd regn så seint på året. For no er eigentleg regntida slutt. Det siste døgeret har difor gitt meg assosiasjonar til eit litt for velkjent værfenomen frå vårt kjære Noreg.

Elles går det med det same her i byen. I dag var eg på gudstjeneste i fulanimenigheten. Flott å komme saman, sjølv om eg ikkje forstår så alt for mykje. Men eg har klart å lære meg eit par av dei enklaste songane. I tillegg plar eg alltid å få ei oversettelse av preika i det minste. Så eg får då med meg litt på det viset. Her startar forøvrig gudstjenestene klokka 9 om morgonen. Så den lange søndagsfrukosten må flyttast til laurdagen. Eigentleg fungerer tidspunktet overraskande bra, tatt i betraktning at eg ofte finn høgmessetidspunktet klokka 11, i tidligaste laget.

No skal eg snart på ein kombinert jogge/gå tur i eit av fjella utanfor byen her. Så eg lar det være med dette!


Fred til den enkelte!


Bilete over er tatt mot ei av dei mange fjell som omgir Douentza.