lørdag 20. mars 2010

God helg til den enkelte!

Hei hei!

Her i Douentza har det vore nok ei fin og ordinær veke. Har vært flott med denne 4 - vekersperioden i ro og stillhet her i Douentza. På måndag reiser eg bort for tre veker. Først til Segou, og blir der ei veke. Så skal Knut og eg feire "Den stille uke" i Dakar og Senegal, før eg til sist tek ei lita veke i Bamako, og får sjå på MELM sitt arbeid i hovedstaden.

Eg kjenner eg gler meg til desse tre vekene. Når eg etter desse vekene kjem attende til Douentza, har eg berre 8 veker igjen her i landet. Eg kjenner at det er i minste laget, men tolkar det heile som eit godt teikn. For sjølv om eg sidan august har gleda meg til å komma heim til fedrelandet, trivst eg særs godt her i landet og. Som dykk veit har vi starta ei joggebylgje her i byen, og på onsdag var 8 lokale samt 3 kvite på joggeturen. I tillegg hjelp det for trivselen når eg etter kvart klarar å seie nokre ord på fransk. Det er eit stykke igjen til eg kan føra den djupe samtale, men litt "small- talk" fungerer det og.

Gårsdagens joggetur måtte avlysast, grunna eit værfenomen eg set særs lite pris på: Nemleg "støvdagane". Det heile ser ut som eit tåke, eller dis ein kjenner frå Noreg, men her i landet er det eit tynt lag av særs finkorna sandstøv, (sikkert frå Sahara) som legg seg over heile byen, og tek vekk store deler av sikta. Så difor valgte vi å avlyse joggeturen av helsemessige årsaker, då det ikkje er særs godt for lungene å trekka ned meir støv enn nødvendig.

Vonar eg får oppdatera bloggen noko dei neste tre vekene også, men sidan eg er på reise, kan det varta noko vanskelegare enn elles. Så ha tålmod med meg, om det vert lite oppdateringar.

Med ynskje om ei fredfull helg til den enkelte!

Under legg eg ved nokre bilete frå ein marknadsdag i september her i Douentza. Søndagene er marknadsdagen her i byen, og samlar særs mange menneskje. Dette til orientering.




lørdag 13. mars 2010

De olympiske vinterleker i Douentza!

Hei til den enkelte!

I Douentza er det ikkje særs mykje som minner om vinter. Av denne grunn har Edlands invitert team Douentza til OL-kveld med TV-spelet Wintergames, frå Nintendo Wee. Så dette trur eg kan bli ein artig kveld, og eg finner det som ei fin oppladning å skrive eit blogginnlegg fyrst.

Sidan sist har eg hatt ei ordinær veke i Douentza. Det skal eg ha neste veke og, før heile MELM flyttar seg til Segou, der det skal være eit språkkurs for misjonærane.

Denne veka har eg gjennomført tre joggeturar, og fleire lokale ungdomar har vore med. Så det har vore kjekt når vi kan være fleire som trener saman. I går la Josef, son til nabomisjonærane, 6 lokale og eg ut på ein god halv times joggetur, så det byrjar å bli ein flott gjeng som blir med på denne begivenheita. No er det kvile i helga, før vi igjen satsar på joggetur mandag, onsdag og fredag.

Elles er eg særs nøgd med at eg endeleg har funne ein stad her i Douentza, der det verkar som eg får sett det meste av Manchester Uniteds kampar. For ein som brukar å sjå ein United kamp kvar 5. dag i snitt per sesong, har det vore ein lærerik prosess med eit avstandsforhold dette året. Denne sesongen kan eg slå i bordet med heile 7 kampar. På onsdag i Champions League skifta dei litt mellom United-kampen og Real-Lyon kampen. Sjølv slappar eg av med at United vann 4-0, samt at Real Madrid gjekk ut. Nokre vil seie det var trist at Real rauk ut. Men her gjeld det å tenkja taktisk, då eg anser Lyon som lettare å møte på eit seinare tidspunkt i turneringa.

Elles er det på tide med ei oppdatering frå dyrenes verden. Geitene har det bare bra, men eg har funne ut dei er litt bortskjemte. Dette fordi dei ikkje vil ete høyet eg gjev dei, då dei berre brekar og brekar. Favoritten deira er nemleg tørka peanøttplanter som ligg lagra på garasjetaket. Men der ligg også høy som må spisast, og ei geit bør ta til takke med det den får.

Når det gjeld hønsa er det ein særs rugevillig rase. Denne veka blei det fødd 8 nye kyllingar, og ei stolt hønemor vandrar rundt med sine åtte små i hagen. Eg prøvde å ta ei lita uoffisiell telling i dag, og kom fram til 20 dyr av stort og smått. Sjølv har eg handla 5 høns og ein hane, men no er det altså 20 totalt. Så det er jo stilig.

Elles vil eg ynskje dykk alle ei framleis god helg!

Under legg eg ved nokre bilete frå kvinnedagen eg omtalte i forrige innlegg. Det vart ein flott festdag!




søndag 7. mars 2010

Kvinnedag i Douentza menighet.

Hei til den enkelte!

I går var det ei flott samling i kyrkja her i Douentza. I samband med kvinnedagen i dag var det nemleg kvinnene som stod for heile gjennomføringa av gudstjenesta, frå sang til liturgi og vidare til preika. At kvinnene får spele ei slik rolle i eit mannsdominert land og samfunn som Mali er langt frå sjølvsagt. Her er det stort sett mennene som råder i det offentlige rom, mens kvinnens plass stort sett er knytta til heimen. At kvinnene difor skal få lede eit slik offentlig arrangement som jo ei gudstjeneste er, kan nok verke uhøyrt for mange. Difor var det ekstra flott at nettopp kvinnene vart lyfta fram, og arrangerte ei flott feststemt høgtidsstund, denne 7. Mars - søndagen.

Elles kan det nemnast at eg på onsdag var med Kjell Magne ut i bushen og henta heim 5 unge menn, som har greve ut eit stort vatnhol. Desse gutane hadde vore der i over 3 veker, og greve ut 300 kubikkmeter jord utan ein einaste maskin. Dette er eit spanande prosjekt, der vona er at dyra kan ha vatn å drikke lengst mogleg slik at nomadane i området treng flytta mindre. Det er nok gras i området, men problemet ligg ved vatnmangelen. Også fuglar og andre dyr kan få glede av vatnet, så det blir spanande å få rapportar om prosjektet ved neste regntid.

Kjell Magne har vore drivkrafta bak dette prosjektet, med støtte frå misjonen elles. Det har vore spanande å fylgje eit slik prosjekt, og eg er viss på at slike tiltak er med på å gi misjonen eit godt namn. Så må vår bøn få være at menneska som blir berørt av misjonen og misjonens arbeid; at dei må kunne sjå vår eigentlege drivkraft med å være her: At det er for å peike på Jesus, slik at fleire kan bli kjende med Han, og tru på Han!

Med ynskje om ei framleis god veke!

Legg ved nokre bilete frå arbeidet ved vatnholet.


Her er murane rundt vatnholet, slik at ikkje folk eller dyr skal detta ned i det.



Som du ser er det ganske mykje ein har greve ut, utan ein einaste maksin.



Her står arbeidsfolket, og slappar av med at tre vekers arbeid er over.

lørdag 27. februar 2010

Vinterferie: Timbuktu og elva Niger.

Hei til den enkelte!

Ja, no er det igjen gått tre veker sidan siste oppdatering, og det er eigentleg lengre enn fristen eg sjøl har satt meg. Delvis kan det heile forklarast med at eg gjekk 9 dagar uten Macen min, då denne var att i Douentza, medan eg var på vinterferie og i Sévaré.

La oss difor gå til overskrifta. Fredag 12. Februar la Lise, Knut og eg turen mot den sagnomsuste byen Timbuktu. Eller det vil seie, Knut kom på laurdagen, med fly frå hovedstaden.
Så, kva er det som er så spesielt med denne byen? Sjølv hadde eg vel knappast høyrt om den, då eg endå befant meg i fedrelandet. Likevel hadde eg registrert at det var ei musikkgruppe som kalla seg dette namnet. Seinare har eg også funne ut at både Donald og Tintin har vore i byen.
Då eg kom til Mali, kom likevel snart ønske om å få med seg denne byen, som grenser mot Saharaørkenen i nord. Difor var det flott å få med seg dette besøket i vinterferien.

Og, for å ha sagt det med ein gong: Timbuktu skuffa ikkje. Det var ein flott by, med ein del for seg gjorte bygningar i mur, i motsetning til jordhus dei fleste stader i Mali. Vidare var det ei flott atmosfære i byen, og interessant å sjå mange menneskje frå folkeslaget Tuareg. Desse er lysare i huden, og har meir ei arabisk avstamming, noko også språket deira bær kjensle av.

Vidare hadde vi ein lang kamelridetur ut i Sahara med overnatting, frå laurdagen til søndagen. Saharaørken var spesielt, men vi hadde vel håpa at vi skulle kome oss så langt frå byen at ein ikkje kunne se buskar og vegetasjon meir, for berre sand. Men, for å oppnå dette skuet måtte vi ha sete på kamelryggen i fem heile dagar. Flott var det likevel, særlig søndagen, då vi kom ridande, og såg byen liggja der i horisonten.

På måndagsmorgon var det klar for det neste store prosjektet. Då satte vi tre oss på ein pinass som skulle frakta oss frå Timbuktu til Mopti, saman med to lokale reiseleiare, som stod for maten, og kjøring av båten. Vi ankom Mopti i tre tida på onsdagen, så det var med andre ord, ein relativt lang båttur. Likevel var det flott å betrakte livet langs elva: Byar og bosetningar, fiskerar, storfe og småfe, flodhestar og apekattar. Dei sistnemnte dyra, var vel dei mest eksotiske på turen, og særlig Lise var begeistra for flodhestane.
Eg let det være med desse glimta frå vinterferien, og anbefalar varmt ein liknande ferie!

Frå onsdagen, då ferien avsluttas og til måndagen, var Knut og eg i Sévaré for å få innblikk og omsyning i arbeidet som drivest av MELM her. I tillegg var vi med i gudstjeneste i byen Konza på søndagen. Det var flott å få med seg også denne byen. MELM har drive mykje arbeid der, og fleire norske misjonærar har vore innom.

Om du no heng med, har eg altså vore i Douentza i ei lita veke. Og det er godt å være heime igjen no. Når eg tenker tilbake på dette året, kan det ikkje seiast at eg har heldt meg mykje i ro, då det lengste strekket eg har hatt samanhengjande her i Douentza, er fire veker. Knut var med opp denne gongen, og blei her til fredag. Han fekk sjå ein del av arbeidet til MELM her oppe. Då han hadde vore på besøk i ein landsby, fekk han også med seg ei geit i gåve. Difor eig no også ettåringen i Bamako ei geit. Av praktiske grunnar blir den værande her i Douentza, med dei andre geitene i flokken. Og det er hyggjeleg. Det er ein tillitsfull liten geitebukk, som kanskje kan få namnet "Emmanuel Den Andre"?

Legg ved nokre foto, som alle er tekne av Lise. Mitt kamera har dessverre teke kvelden, men det er flott å kunne dele med seg i denne digitale tidsalder.


Her er eit stemningsbilete frå ei av gatene i Timbuktu.

Her har vi slått leir i Sahara, laurdagskvelden, og ventar på at maten blir tilberedt.


Her sit vinterferiegjengen på ei av sanddynene utanfor den sagnomsuste byen.


Her kjem vi ridande mot Timbuktu, som ein kan sjå i horisonten.


Lise strålar då ho har kjøpt seg tre av platene til ein musikklegende i Mali, Ali Farka Toure.


United-Supporteren må sjølsagt være med i båttur på Niger.


Flodhestane vi kunne sjå frå båten. På det meste såg vi 6 stykke på ein gong.


Om du ser godt etter kan du sjå apekattane som spring langs elva. På det meste talte eg 15 apekattar på ein gong.


Kyrne har det godt langs elva, med rikelig tilgang til vatn, og mykje gras.

lørdag 6. februar 2010

Rally Doeuntza.

Hei til den enkelte!

Her i landet har det vore aktive dagar sidan sist. Fyrst var det ei klassisk veke i Sévaré, der vi flytta barnehagen og skulen ned til den norske skulen der.

Vi kom attende til Douentza på laurdagen, og det har vore gått å komme heim. Vi har likvel hatt storflott besøk her nede av "Norwegian Budapest-Bamako Team". Dette teamet har delteke på Rally Budapest-Bamako, samstundes som dei har hatt eit bistandsprosjekt for auga: Nemleg skule i landsbyen Kourmikouro. Dei har fått samla inn over 100000 kroner til å starte skule i ein by, der det har vore fleire timars gange til næraste skule.

På onsdagen tok difor vi i MELM følge med rallyteamet til Kourmikouro for å feire grunnsteinsnedlegginga av skulen der. Her var det stelt i gang ein storflott fest, med heile landsbyen samla. På programmet stod der talar, nedlegging av grunnstein, kameloppvisning samt middag. Særlig kameloppvisninga gjorde inntrykk å underteikna med gutar ned i 10-års alderen, som med uten sal, rei kamelane i full gallopp, og med stor kustus på dei store dyra.

På torsdagen var det tid for rally Douentza. Då var rallyteamet utfordra til å delta i ei lokal løype, saman med den norske skulen og barnehagen. Det vart stor stas for dei norske barna, samt underteikna og få sitte på i ein rallybil, og leike seg litt i terrenget. For anledninga hadde vi teke med oss norske flagg, og godt humør, slik at det skulle bli ei festramme rundt arrangementet.

På fredagen reiste familiane Neergård, Møgster, Lise og eg til ei lita busetning som heite Waire, 30 kilometer inn i bushen. Her overnatta vi til i dag. Hovedformålet med turen, forutan relasjonsbygging, var å vise ein film av hyttebygginga tidlegare i haust. Ei av hyttene der ute er nemleg berre eit par månadar gamal, og Lise og Stina var aktivt med på bygginga av denne.
I tillegg til denne filmen, viste ein også ein lokal innspeling av Bibelhistoria om den barmhjertige Samaritan. Det var stemnningsfult å sjå desse filmane i mørkret, saman med dei lokale der, som truleg aldri har sett ein film før.

I dag skal eg vidare til Neergård for å feire fastelaven ei veke før tida, så her går det med andre ord slag i slag!

Med ynskje om ei framleis god helg til den enkelte!


Festkledde jenter i Kourmikouro gleder seg over at det snart blir skule.



Kameloppvisninga.


Brønnen i Kourmikouro. Denne var MELM med å lage for omlag 20 år sidan. Den er 60 meter djup, og difor bruker ein kamelar til å drege opp vatnet for menneskje og dyr.


Her er eit stemningsbilete frå Rally Douentza.


Her er vi utanfor den nye stråhytta i Waire.


Nokre gutar blir dregne av ein okse. I bakgrunnen ser ein stråhyttene i Waire.

fredag 22. januar 2010

Hei, og god helg!

Her i Douentza har eg hatt ei relativt ordinær veke, og skal ha ei rolig helg, i det minste fram til søndagen. På søndag reiser vi nemleg ned til Sévaré og skal være der ei veke. Då flytter vi skulen og barnehagen til den norske skulen der. Her er det stor plass og boltre seg på, og moglegheit for symjing i eit av bassenga i nærleiken.


Sist helg var eg på kamelovernattingstur frå laurdagen til søndagen, saman med Lise og to vener av ho, Ragna og Geir. I tillegg var kameltemmaren Ibrahahim med oss, saman med kameraten Hilovat. Målet for turen var den vakre sanddyna som ein finn ikkje så alt for langt frå allfarveg. I effektiv ridetid måtte ein rekna 3 timar kvar veg, men vi tok oss god tid. På turen var det høns til kvelds, og ris til morgons, tilbredt av Ibrahim og Hilovat. Det vart fortreffelige måltid, både frukosten og kveldsen.


På onsdag kan det nemnast at eg gjekk i vielsen åt systera til hushjelpa min. Det var flott å vise ære til familien, samt representere MELM, på slike festdagar. Eg kunne ikkje få med meg sjølve festen, då eg hadde barnehage same dag, men eg fekk permisjon til å være tilskodar i sjølve vielsen.

Når det gjeld hushjelpa min har ho i tillegg nett fått sitt fjerde barn, ei jente, denne gongen. På ettermiddagen same dag gjekk difor Lise, Silje og eg på barselsbesøk hos henne. Kulturelt er det muligens feil for ein mann å gå på vitjing på denne måten. Likevel vart eg teke godt i mot, og personleg hadde eg følt det vart meir feil og ikkje vise omtanke, og interesse i det heile tatt.


Elles kan det nemnast, at geitebukken Emmanuel, no ligg i fryseboksen åt naboen. Den var med tida blitt ein villstyring, som stadig ville røma, og fylgje etter hogeitene i andre flokkar.


Mødrene Linn og Pysa går framleis stolt med sine to killingar, samt geita Smilodon. Desse går no heime i hagen, og det er jo hyggjeleg, både for liten og stor.


Ynskjer dykk alle ei fredfull helg!



Her kjem reiselederane våre, med kamelane sine.



Ett myggtelt er greitt å ha. Ikkje berre for myggen, men også i tilfelle slangar og skorpionar. Vi såg faktisk ein av sistnevnte søndagsmorgon.


Den eine kamelen slappar av, og kjøler seg ned med eit sandbad i skuggen.


Her er utsikten frå sanddyna.

onsdag 13. januar 2010

Godt nyttår til den enkelte!

Ja, no er det faktisk 3 veker sidan sist innlegg her på bloggen, og det er ny rekord! Sidan sist har eg hatt flotte veker med julefeiring, nyttårsfeiring og ikkje minst familiebesøk i to av desse vekene. Familien kom seint om kvelden 3. Juledag, og var i landet, til laurdag 9. Januar. Vi hadde flotte dagar saman, og eg er takknemleg for at dei har fått ta del i glimt av kvardagen her nede, med alle inntrykka og opplevingane ein får med seg.

Sjølv kom eg attende til Douentza i går, etter å ha tatt farvel med familia i Bamako på laurdag, og sjølv vart eg igjen der nokre dagar. Godt å kjenne litt på storbylivet i millionbyen. Her bur også ettåringen Knut, så vi var saman på sundagen, og mandagskveld. Flott å treffe han også igjen!

Elles er det blitt tre born i barnehagen no, og ein ny elev på skulen, då Edland familien er komne ned. Det blir flott å verta betre kjende med dei alle!
I tillegg kan det nemnast at prosjekt skulehage er i full gang! Lise har besøk av to venner fra Noreg, som har med fleire frøsortar av diverse grønsaker! Så i dag var både barnehagen og skuleelevane i full gang med å hakke opp jorda, kjøre på gjødsel, og vatne jorda! Det blir spanande å få sjå resultatet av dette!

På dyrefronten må det nemnast geita pysa også er blitt mor til ei ho geitekilling. Denne har forebels ikkje namn, så det kan være eit hint. Så nå går dei to mødrene, med dei to små heime her, og nyt livets glade dager, medan dei to geitebukkane framleis er på gjeting.


Her er familia samla, med Douentza i bakgrunnen!


Far og son i Afrikaklede på nyttårsaftan!

onsdag 23. desember 2009

God jul til den enkelte!

Ja, no er vi alt komen til lille juleaften. Himmelen er blå, og temperaturen er 32 grader, no midt på dagen. For ein som mest aldri har opplevd kvit jul, er det litt trist at eg ikkje får oppleve all snøen det rapporteres om frå Rogaland. Ja, det blir ei spesiell jul i år, i framandt land, og med framandt språk og kultur. Gleda er likevel stor fram mot søndag, då familien min kjem til hovedstaden Bamako, for å være her i 13 dagar. Det blir flott!

Men kordan feires jula i Douentza? I dag har eg saman med fire av borna og lærer Eva sett tre episodar av Jul på månetoppen. Vi var litt på etterskot, så vi måtte ta igjen nokre episodar. I tillegg skal eg i kveld få komme til julefeiring hjå direktørfamilia i MELM. Det blir stor stas! I morgon, juleaften er det opplegg i kyrkja frå klokka 18, med julemiddag og gudstjeneste. Seinare på kvelden er vi nokre som har planlagt leirbål på sanden utanfor hjå meg. Å få sjå stjernehimmelen julenatt, med klårværet her i landet, kan bli eit stemningsfult skue!

Elles kan det nemnast at eg i helga var ein tur i Dogonland. Det var ein flott tur, der ein fekk sjå dei tradisjonelle bygningane samt heilage krokodillar!

Ynskjer dykk alle ei god og velsigna julehøgtid!

"I dag er det født dere en frelser i Davids by; han er Messias, Herren."




tirsdag 15. desember 2009

God adventstid til den enkelte!

Her i landet går det med det samme gamle. Kvardagen har inntruffe meg, men kjenner eg trivst godt i min nye kvardag, i nye omgivelsar her i landet. No er det adventstid som dominerer skulen og barnehagen, og det er flott å jobbe med barn i denne tidea, og ta del i deira glede. På laurdag var det i tillegg bakedag i team Douentza, så no har både kakemenn og pepperkaker i hus. Det slappar eg av med.

Elles går det flott med geitekillingen Karoline som er blitt 8 dagar gamle. Karoline var eit namneforslag frå borna i barnehagen. I dette innlegget legg eg ved nokre bilete, frå då killingen berre var 1 dag gammal.






Vidare kan det nemnast at eg på torsdag var på ein lengre fjelltur. Kanskje ein av den lengste, då vi starta ved bilen klokka 9 og kom ned igjen klokka 17. Det var det same fjellet vi hadde godt på før ved eit høve. Denne gongen gav vi oss ikkje før vi kom til ein liten landsby. Og etter 3, 5 times gange, med eit par pausar kom vi fram til ein landsby, midt oppe på eit stort fjellplatå. Legg ved nokre bilete frå denne turen til sist i dette innlegget.






mandag 7. desember 2009

Geita Linn har blitt mor!



Geita Linn som eg kjøpte ein gang i september, har no hatt ein killing 5 månader i magen, og født ei dotter i dag, 7. Desember. I skrivande stund er killingen framleis under 2 timar gamal, og hverken mor eller dotter var særleg fotogen på dette biletet. Tenkte eg kunne leggja ut eit par bilete til i morgon i dagslyset og. Bilete over er nemleg tatt etter mørkrets frambrot. Eg vonar den klarer seg godt over natta. Den var endå ikkje heilt tørr og kjendes litt kald, og nettene her kan gå under 20 grader, men killingen ligg godt inntil mora i det minste; og dei skal visstnok greie seg godt med 15 grader som nyfødde.

At Linn hadde born i magen hadde eg ei aning om, då også tidligare gjeterar her i landet hevda det same. At det skulle skje så snart, var vel meir enn eg hadde forventa, så det var ei hyggjeleg førjulsgåve. Eg er open for å lytta til namneforslag for geitekillingen.
Når det gjeld gjetar, kan eg leggja til at eg kjøpte meg eit gjeterantrekk i går på marknaden her i byen. Så det er vil på sin plass at eg lar meg avbilde med dette, saman med geitene ved eit seinare høve.

Også i hønsegården skjer det saker og ting. Hønsa mine er visst særs rugevillige, nesten i overkant, då eg kunne tenkt meg å spist nokre av egga. I staden for går hønene knapt av egga, og i skrivande stund ligg to av dei på egg, og der ein kylling vart klekt ut i dag. Så det er også stas!

Med ynskje om ei advenstid i fred!