mandag 26. oktober 2009

Kyllingane har vannkoppar..

Ja, då var det igjen på tide med eit innlegg her på bloggen. Tida går fort, og på søndag hadde eg 10-vekers jubileum her i landet, uten at det vart feira nemneverdig. Eg var forøvrig i Sévaré i helga, der laurdagens program var bryllaup og bassengbesøk. Det var stilig å få være i eit bryllaup her i Mali, sjølv om tida for det meste, etter sjølve vielsen, handla om å venta på maten. Når det sagt var maten særs god. Vi fekk ris og eit godt oksekjøt attåt, med god kraft og lauk som smaksforsterkingar for risen. Måltidet vart sjølvsagt ete med handa. Det er underleg å ete med handa. Det er berre høgre handa som må nyttast, og så gjeld det å samla seg litt kjøt og ris frå eit felles fat, og lage det til ein klump i handa, før ein så kan eta.
Ettermiddagen denne laurdagen vart nytta ved eit basseng i Mopti. Det var flott å kunne nyte sola, og samstundes få seg eit bad. Vi har jo ingen basseng i Douentza, så det er flott å kunne nytte seg av dette høvet når vi er på reisefot.

Elles går regntida mot slutten her i Mali. Likevel byrja den særs seint i Douentza dette året. Men når den fyrst kom, er og har den vore god. Vi trudde vel alle regntida var slutt, heilt til det kom eit godt 15 minuttars regnskyll no på fredag. Skule - og barnehageborna måtte sjølvsagt ut å feire dette, medan eg nøya meg med å stå under tak å ta eitt par bilete av regndansen. Det er herleg å få desse regnskylla inn i mellom, då temperaturen gjerne synk til ein 26 – 27 grader, om enn berre for nokre timar.


Kvar torsdag har eg høve til å være med evangelistmisjonærane ut i feltet, for å sjå og observera eit misjonsarbeid frå innsida. Dei to siste torsdagene har eg vore med til ei lita busetning dei kallar Tebbi. Sjølv om eg ikkje har felles språk med folket der, er dei likevel svært imøtekommande, og gjestfrie. Vi får alltid hirsegraut servert når vi kjem. Hirsegraut er ein graut eg ikkje et for mykje av, men nokre munnfullar vart det no.

Under ser dykk ei ku, som prøver å finna litt skugge ved ei av hyttene i Tebbi.


No til den dramatiske overskrifta. Høna som hadde 11 kyllingar har no 9. Det viser seg at nesten alle kyllingane har fått noko utslettaktig over nebbet og augene, så dei er blenda på eit eller begge augene. Naboen her spekulerer i om det er vatnkoppar, og ein av vaktmannsønene tok mopeden fatt til markedet for å kjøpe medisin. Så no har alle kyllingane, og hønsa mine fått medisin/ vaksine mot vannkoppar. Det var visst eit kjent fenomen. I alle visste borna til vaktmannen råd, når dei såg på kyllingane. Kor lang tid det tek før eventuell betring er uvisst. Den eine av kyllingane døyde under vaksinasjon, mens den andre av dei måtte bøte med livet i går, då den var særs svak og mager.

Den andre høna som låg på 5 egg, har fått fram 2 av desse, og det ser ut til at det blir med desse. Men det er koseleg i seg sjølv det óg. Så no er status 3 vaksne høns, ein hane og 11 kyllingar.

Til sist helsar eg dykk med eit vers frå Olaf Hillestads salme:

”Herre se til oss her nede, fri ditt folk fra syndens makt! Med din nåde vær til stede, kall oss ut til hellig vakt! Gjør oss skikket til å virke for din sak i bygd og by, Fyll med ånd og kraft din kirke, gjør den atter sterk og ny”.

onsdag 14. oktober 2009

Hei til den enkelte!

Ja, no er det igjen ei viss tid sidan sist eg skreiv her på bloggen. Det er eigentleg eit godt teikn, for då veit dykk at eg har det bra, og har anna og gjera enn å sitte å oppdatere ein blogg. Likefult synes eg det er svært hyggjeleg med over 1000 visningar så langt på bloggen, og stadig fleire kommentarar. Så det krev jo at eg opprettheld ein viss progresjon på oppdateringa mi.

Sidan sist har det skjedd mykje spannande. Eg er no godt i gang med arbeidsoppgåvene mine her i Douentza, og kjenner at eg trivst godt. Det er flott og givande å få arbeide med born i barnehagen. I tillegg er eg med å held eit par timar på skulen også. Her gjeld det ei sangøkt på onsdagane, medan eg på fredagane har ansvaret for morgontrimmen, samt ein RLE – time. For dei som kjenner meg, veit ein at lærar var ein av mine aktuelle yrkesval. Eg sa alltid at eg ynskja å verta, lærer, prest, advokat eller psykolog, så det er kjekt å få prøva seg litt som lærar også. Alt er på den norske skulen her, og i den norske barnehagen. Eg har forøvrig kort veg til arbeidsstaden. Barnehagen er i leiligheita mi, på gjesterommet. (bare kom på besøk, det hadde vært koselig). Her er det eiga dør ut til ein terrasse, som alltid er i skuggen, og med ein viss trekk som hjelper i varmen. Skulen er på si side kanskje 15 meter frå denne terrassen igjen. Så det er kort veg over til den, når eg deltek der.

På dyrefronten har det skjedd mykje spanande sidan sist. Geitene har fått namn: Borna i barnehagen var med å gi to av geitene namn: Den eine av dei, ein kastrert bukk, har fått namnet ”smilodon”. Den andre av dei, den kvite, som er mest folkesky har fått namnet ”pysa”. Dei to siste av dei har fått namna Emmanuel og Linn, etter namneforslag i kommentarfeltet. Emmanuel og Linn er to gode venninner av meg i Oslo, som har fulgt meg alle åra der. Emmanuel heiter eigentleg Anneline. (Dette til orientering).



Den eine av hønene mine er blitt ei stolt mor, til heile 11 kyllingar. Så det er stilig. Den potensielle konflikten eg nevnte tidligare med delt omsorg gjekk veldig bra. For den andre av hønene gjekk til slutt over i eit anna reir. Den ligg likevel på eit noko meir stusseleg antall egg, nemleg fem. Men det kan være stilig når den og får kyllingar, sjølv om det faktisk er litt stress å leggje forholda til rette slik at hønemor og kyllingane får det best mogleg. Så eg vonar den siste høna har nokre dagar att til termin.

Til slutt vil eg komma med ei oppmoding om å skaffe seg skype. For eksempel til deg, teksegut!

Under ser dykk hønemor og kyllingane. Samt tre av fire geiter. Geita "pysa" ville ikke være med på bilde, da bilde ble tatt.


mandag 5. oktober 2009

Ein tur til fossen!

Hei til den enkelte! No har eg vært så heldig å funne attende ladaren åt kameraet mitt, så snart kjem det bilete av geitene også. I denne omgang får ein nøye seg med nokre fantastiske naturbilete frå ein tur "team Douentza" hadde til ein foss no på søndag. Denne fossen tørkar snart ut, då regntida her i Mali går mot slutten. Heldigvis har det vore ei god regntid her i Douentza og området rundt, så bøndene har von om ein god haust. Regntida er eit interessant fenomen. Eg hadde vel på forhånd trudd at regnet skulle komme nesten kvar dag. I staden har det kome ei ordentleg kraftig regnbyge, med lyn og torévær, og som varar i ein god time eit par gonger i veka. Slik har eg opplevd regntida. Og det er ganske herleg å sitje under tak å sjå på lynet, og kjenne vinden og merke at temperaturen synk ein 7 eller 8 grader.

Eg legg også ved eit bilete av temperaturmålaren eg har i stova. Som dykk ser er det ein grei varme, og nesten litt i overkant. Er ein på ei strand med tilgang til hav og kjøle seg ned i, er det nå endå noko, men då Mali ikkje har kyst og eg har 17 mil til næraste basseng vert det til at ein for det meste heldt seg i skuggen. Etter klokka fire på ettermiddagen byrjar det å være mogleg og gå seg ein tur eller ta ein joggetur. Så tidsrommet mellom 16 og 1830 er eit ganske fint tidsrom, men halv sju er det heilt mørkt i dette landet. Skumringstida er også svært kort, så det blir heilt mørkt på eit kvarter.

Elles kan eg ta med at eg sist onsdag tok trømopeden fatt ned til Doeuntza sentrum, får å sjå min fyrste Manchester United kamp denne sesongen. Det var eit hyggjeleg gjennsyn med dei forente venene mine frå Manchester, som forøvrig vann kampen 2-1. Champions League kampen mot Wolfsburg vart direkte sendt på riks - TV stasjonen ORTM her i Mali.

No er det snart leggjetid her i landet. I morgon skal eg halde barnehage og SFO frå klokka 8 om morgonen. Det blir flott!