søndag 30. mai 2010

Tefest i Douentza.

God søndagskveld til den enkelte!

Her kommer eit livsteikn frå Douentza for siste gong. I det minste i denne omgang. Det er mogleg eg skriv eit innlegg frå Bamako neste helg, men det minkar kraftig på tida igjen her i landet no. Tirsdag 8. Juni trår eg atter på norsk jord etter nærare 10 månadar på det afrikanske kontinent.

Så det er med eit visst vemot eg no skriv blogg, sjølv om eg absolutt gler meg til å koma heim att. Difor prøver eg å gle meg over dei siste dagane her; meir enn å bli for sentimental.

Den siste veka har vært tradisjonell med tanke på skule og barnehage. På onsdag såg vi nok eit spanande dyr her i landet. "Tanta til skorpionen"(direkte oversettelse) leika seg rett utfor barnehagedøra. Sjølv styrte eg mi begeistring for synet. Det var vel den største edderkoppen eg har sett i friluft, meir på størrelsen av ein tarantell. Dessverre har eg ikkje bilete av denne skapningen, men eg har eit bilete i mitt indre. Som namnet tilseier er det visstnok ikkje hyggjeleg å værta biten av denne skapningen, og ein av dei lokale gjorde snart kort prosess, og tok edderkoppen av dage.

Elles kan det nemnast at eg no ikkje har ei einaste høne igjen. I går gav eg heile hønsefamilien til hushjelpa mi. Det var 15 i talet med stort og smått, og med god hjelp frå nokre lokale ungdommer fekk vi fanga hønsa og transportert dei trygt til bustaden åt hushjelpa, Fanta.

Geitene er også lova bort men dei er framleis i hagen hjå meg. Det gler eg meg over, og eg slappar for så vidt av med at det ser ut som om dei blir her lengre enn meg.

I går var det også ein stor te-fest utanfor hjå meg. Ein del lokal ungdom var samla til fest, brus, og peanøtter. Her i landet er te det store, så det er flott å kunne å gle ungdommen med ei slik tilstelning. Vi hadde nokre hyggjelege timar saman, med drøs og Michael Jackson som bakgrunnsmusikk.

Siste veka mi her i Douentza vil bli sjåande omtrent slik ut: Måndag og onsdag vil det bli barnehage og skule. Tirsdag skal eg være med Kjell-Magne på tur i bushen, til ein landsby der. Vidare set eg av torsdagen til pakking, før vi om fredagen arrangerer sommeravslutning på skulen.

Til sist vil eg nytta høve til å ynskje dykk alle ei god veke!



Her ser dykk Samba Diallo i gjetarklede, med stav og gjetarhatt. Det skapte stor glede fyrste gong eg gjekk med dette antrekket.



Geita Smilodon er som vanleg den mest fotogene geita. Her finn den stor interesse for hatten min, og undrar seg om den er til å eta.


Her har to lokale ungdommar bunde opp hønsa mine. Dei er no klare for å bli levert til hushjelpa.


Her ser ein glimt frå tefesten, der vi dansar ein dans til Jacksons fengjande rytmer.


Til sist legg eg ved eit tilfeldig bilete som eg ikkje har opphavsretten til, men som eg har funne på verdsveven. Legg særleg merke til sauene på taket.

lørdag 22. mai 2010

Glimt frå 17. Mai.

Hei til den enkelte!

Ja, då er igjen tida komen for å skriva eit blogginnlegg frå Mali. Denne gongen er det sjølvsagt 17. Mai som blir via mest oppmerksomhet.

Noregs nasjonaldag vart feira på ein flott måte her i Douentza. Då ein del av misjonærane alt har teke fatt på heimreisa var vi ikkje meir enn 8 som feira denne dagen saman. Av den grunn vart det ei rolegare feiring enn elles, men det la ikkje dempar på gleda. Dei faste ingrediensane var med denne dagen. Det være seg tog, is, sang, god mat, brus, leiker, og tale for dagen ved underteikna.

Elles hadde vi det litt overskya denne dagen, med eit fint lag av sand som flaut i lufta blanda med litt vind, og over 44 grader. Så det var ein god, varm og flott nasjonaldag vi fekk feira i lag.



Her stillar vi oss klare til å gå i tog. Rektor går fremst med flagget, medan eg held CD-spelaren med korpsmusikk.


Framfor kongen og dronninga, song vi både nasjonalsangen og kongesangen.


Sekkeløp høyrer med på nasjonaldagen.


Trillebårløp høyrer med på nasjonaldagen.


Kaffibordet er pynta til fest!

søndag 9. mai 2010

Fatimas hånd, og Hombori.

Hei til den enkelte!

Denne veka har vore ei tradisjonell veke, med skule og barnehage i Dountza. Tirsdag målte eg 43,3 grader på gradestokken, og det er forebels maks på målingane eg har gjort. I dag har eg målt over 42 grader, så det er varmt nok når eg går på marknaden her i byen. Søndager er nemlig marknadsdag, så alltid flott å være innom dette, sjølv om eg djupast sett synes det er litt for mykje folk til stades på ein plass.

I går var Lise og eg på dagstur til to kjende turistattraksjoner. Fyrst var det fjellformasjonen Fatimas hånd, som var målet. Dette er eit fjell som såg ut som ei hand, og vi tok mange bilete der. Fatimas hånd speler ei sentral rolle også i Islam. Fatima var i følge tradisjonen nemleg Muhammeds femte og yngste datter, og ho blir sett på som eit forbilete innan Islam.

Vidare reiste vi til byen Hombori, som var bygd rett under fjellet med same namn. Fjellet Hombori, er 1153 meter over havet, og er med det, det høgaste punktet i Mali. Å komma seg på toppen, er imidlertidig vanskelig, og guidebøker skriv at ein må være ein seriøs klatrar om ein skal begi seg mot toppen. Uansett var det flott å ha vore der, besøkt byen og sett den høgste fjelltoppen i Mali. I følge Wikipedia, holder byen en gjennomsnitlig døgntemperatur på over 30 grader, hele året gjennom, og er med det blant dei varmaste byane i verda.

Under legg eg ved nokre bilete frå turen, og vil benytta høvet til å ynskje ein framleis god søndag, samt ei god veke!


Her held eg handa opp, lik fjellet Fatima sjølv syner si hand i bakgrunnen.

Her ser ein igjen Fatimas hand. Legg gjerne også merke til vegkvaliteten, samt det tørre landskapet som lengtar etter regn.


Her står Lise og eg i Hombori, med Malis høgste fjell i bakgrunnen.


Eit esel står i varmen, betraktar byen det bur i, og ser på fjellet i bakrunnen.


Ein storfeflokk kjem ned frå den gamle bydelen i Hombori.


Her står rektor ved Den norske skulen i Douentza, Lise, i gamlebyen ved Hombori.

lørdag 1. mai 2010

Ynskjer dykk alle ein gledeleg 1. Mai!

Hei til den enkelte!

Ja, då var det igjen to veker sidan siste blogginnlegget vart skrive. Som dykk kanskje veit har eg eit overordna mål om å oppdatere bloggen kvar veke, men det er ikkje alltid det let seg gjera.

Sidan sist har eg altså hatt ei veke i Sévaré, og har no vore ei veke i Douentza igjen. Når vi var i Sévaré hadde vi som vanleg skule og barnehage der, samtidig som vi var eit par gonger i bassenget. Sistnevnte aktivitet er alltid hyggjeleg.

På torsdagen var heile MELM, samla til avskjedsfest på eit hotell for dei av oss som skulle avslutta sin periode i Mali til sumaren. Sjølv om eg fortsatt skal være her i ein god månad til, var det litt vemodig å være på ei slik tilstelning. Eg fekk tid til ettertanke over eit år eg kan sjå tilbake på glede og takksemd. Vidare var det både tale og sang, og geitene i dyrehagen spela ei sentral rolle i sangen. Eg fekk mellom anna også ein kamel, skåret ut av tre, som kan stå på lesesalen min til hausten i hovedstaden. Det blir flott å kunne sjå på denne og minnast Mali, om stundene på lesesalen blir litt tunge. Ja, for ein kan undra seg kva tirsdagsaktivitet eg kan bedriva til hausten, då eg ikkje lengre kan dra på den ukentlige kamelturen.

Elles har eg i Douentza hatt ei fin veke, med barnehage tirsdag, onsdag og fredag, samt at eg hjalp til på skulen på torsdagen. På mandag var eg med bistandsprosjektet til MELM ut på tur i bushen. Det var hyggjeleg og svært interessant. Her vitja vi tre stader. Sjølv hugsar eg berre namnet på ein av dei, men eg kan fortelje om dei tre stadene. Den fyrste staden vi vitja er det eit vannpumpeprosjekt som står på agendaen. Dette var i eit område med mykje gras (riktignok visna på rot av tørken no), men det blei for langt unna drikkevatn, slik at det var vanskeleg for dyra og nytta og spise av graset. Difor driv ein her med byggjing av ei vannpumpe som det er målet kan gje vatn til mellom 3500 og 5000 storfe per dag, så det er ikkje småtteri vi snakkar om her!


Over ser ein styret i bistandsprosjektet til MELM, der ein har vannpumpeprosjektet.

Vidare besøkte vi ein landsby der alfabetisering stod på agendaen. Her har MELM vore inne eit par månadar, og lærer ungdommen å lese og skrive. Blant fulanerne som bur i grisgrendte strøk, kan det være langt til skulen. Difor var det fint å sjå at slike alfabetiseringskurs kan gje resultat, og i det minste gje ei grunnleggjande forståing av tallsystem og alfabet.


Her ser ein Hama, som stolt skriv namnet sitt, etter at han har fått delteke på alfabetiseringskurs.


Til sist denne dagen besøkte vi Kourmikoro. Byen der rallygutta i januar hadde bidrege med pengar til ny skule. På bloggen her kan du gå tilbake i arkivet og lese om festen vi var vitne til, då grunnsteinen til skulen vart lagt ned. Difor var det særs gledelig å komma tilbake til denne byen, og sjå at bygginga var kome særs godt i gang. Slik eg kunne sjå var det berre taket, samt golvet som mangla. Så etter planen kan nye elevar byrja på skule etter sumarferien her.


Skulen i Kourmikoro, som er kommet godt i gang.


Nokre kvinner og born stampar hirse. Også dette i Kourmikoro.

Til sist kan eg gje nokre glimt frå dyrehagen. I dag har vi klipt vekk litt av pelsen på halane til geitene. Eg fekk hjelp av ein lokal gjetar her i byen, Amido Diallo, som forstod seg på dette, og meinte at det var noko ein burde gjera inn i mellom. Om geitene likte det særs godt, er heller tvilsomt, men mogleg dei set pris på det i ettertid.

Vidare spiste eg ei av hønene mine til middag sist veke. Då eg no ser enden på tida her i Mali, vurderer eg om eg skal slakte ei høne kvar veke til middag. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera med resten av dei når eg fær her i frå. Det er nok alltids mange som vil ha dei, men eg vonar det er nokon som behandlar dei godt i så måte. Eg har ikkje så lyst at hønsa mine skal hengje levande opp ned på utsida av ein bil ein heil dag, noko som dessverre er ein vanleg måte å transportere høns i dette landet. Geiter og sauer bind ein fast på taket på bilane. Eg er ikkje særs begeistra for ei slik transportering heller. Derimot å spisa mine eigne høns har eg mindre problem med. Når eg spiser dei, føler eg dei endrer substans. Når dei ligg på tallerken er det berre kjøt eg et. Eg fokusurer ikkje så mykje på kva eg et.

Vel, eg let det være med dette i denne omgong. Ynskjer dykk alle ei framleis god helg! Fred til den enkelte.


Her ser ein underteikna i Afrika-klede, saman med geitene Smilodon og Pysa.


Her ser ein godt lasta bil, med folk på toppen av lasset, samt hønsa hengjande på sida.