mandag 28. september 2009

En geit, to geiter, og fire geiter!

Ja, no har eg endeleg fått kjøpt meg geitene eg lenge har planlagt å kjøpe. I går fekk til saman fire geiter, TO nye eigerar. Det har seg nemleg slik at nabomisjonæren Kjell Magne og eg kjøpte to geiter kvar, som no beitar saman i ei samdrift. Så det er koseleg!
Vi kjøpte ein bukk og ei søye kvar, og tre av dei er ganske tamme allereie. Så det er koseleg! Den siste av dei, den kvite er noko redd menneskje forebels, men det skal nok bli temma etter kvart. Eg fryktar den har hatt nokre traumatiske opplevingar med menneskje før, så det er nok difor den er så redd. Geitene mine har forebels ikkje fått noko namn? Forslag mottas med takk. Når det er sagt, set eg stor pris på når dykk legg igjen kommentarar til blogginnlegga. Sjølv om eg ikkje svarar, og går inn i ein "kommentar-samtale", set eg pris på livsteiknet dykk gjev meg!

Vidare er det på sin plass og gje oppdateringar om hønsehaldet mitt. Sjølv trudde eg at hønsa mine var litt unge, men ein dag eg såg etter i verpekassa låg der plutseleg fem egg. Då eg reiste til Sévaré for 9 dagar sidan, låg der rundt 10 egg der, og då eg kom heim igjen på laurdag, hadde to av hønene lagt seg til for å ruge ut kyllingar. Med andre ord: To høns ligg på dei same egga. Så eg får ein liten case når eit eventuelt avkom kjem, då eg fryktar dette kan bli ein konflikt mellom mødrene. Difor har eg planar om at dei skal ha delt omsorg for kyllingane, ved at eg skil hønsa frå kvarandre i kvar sitt bur, og med eit tilnærma likt antall kyllingar.

På bilete under ser du nokre norske geiter. Då eg ikkje finn ladaren til kameraet mitt, må eg nøye meg med eit illustrasjonsfoto.


tirsdag 22. september 2009

Livet i Mali!

Ja, no er det ei viss tid sidan sist eg har skrive på bloggen! Har funne ut at eg vil prøve å skrive dei fleste av desse innlegga på målføre nynorsk, då det er eit målføre som gjer seg svært godt skriftleg.

Men kva gjer eg eigentleg i Mali? Det er ikkje sikkert du veit det, og sant å seia har eg ikkje alltid visst det sjølv heller. Men etterkvart som tida gå, byrjar eg å få forståing av kva eg er med på. Som dykk veit er eg sendt ut som ettåring fra Det norske misjonsselskap. Likevel måtte ein snart bli fortruleg med forkortinga MELM når ein kom ned hit. Her i Mali er eg nemleg ansatt i MELM, Mission Evangelique Lutherienne au Mali, (dersom fransken er rett skrive...)

Den evangeliske målgruppa for MELM er fulanifolket. Eit spanande folkeslag som eg burde skrive meir om, men eg har ikkje mine skriftlege kjelder om desse føre meg no, så eg sparar det til eit seinare høve.

I Douentza, der eg bur, skal eg være barnehageonkel for dei norske borna tre gonger i veka. Være med i feltet (les: bushen) på evangeliseringsarbeid ein dag i veka. Og lære litt fransk, samt planlegge barnehagen den siste dagen i veka.

Då eg har vore i ei innkøyringsperiode no i starten, samt at ikkje alle misjonærfamiliane var komne, har det teke noko lang tid før ein ordinær kvardag inntreff. Den har forebels ikkje inntruffe endå, då eg for tida igjen er i Sévaré. Her i Sévaré er det for tida misjonærmøte med alle misjonærane i MELM, så i denne perioden har Knut og eg ansvaret, saman med rektor Lise, ansvaret for drifta av Den norske skolen, og barnehagen. Det er flott og givande å være saman med borna. Men eg vart overraskande trøytt etter skule- og barnehagedagen.

Til sist i dette innlegget legg eg ved nokre bilete som Knut har teke med sitt kamera. For eigentleg er det litt alvorleg at eg ikkje finn att ladaren til kameraet mitt. Men eg får no ein gong leita gjennom alle skuffene i heimen min. Sjølv om eg djupast sett alt har gjort det.




På bilete over ser du Knut og eg på ein liten fjelltur i Douentza rett bak heimen hjå meg. Ein kan også merke seg resultatet av hårklippen til 6 kroner og 50 øre.


Her ser dykk Knut og eg på Ramadanfest i Sévaré, nå på søndag. Det var stilig!



Her er eg på veg heim etter å ha vore i barnedåp i ein by som heiter Boni. Eg måtte helse på nabosauen til vaktmannen.

lørdag 12. september 2009

Tijabo!

Her i Douentza, er det eit ord ein snart lærer seg, og det er tijabo! Om ein ikkje lærer seg betydningen lærer ein seg i det minste å seie ordet. Ordet betyr visstnok takk, men brukes både som innledning, avslutning og undervegs i ein samtale. Litt sånn som "hei" og "ha det", og "takk", og "har du det bra?" Det er i det minste slik eg bruker ordet...

Etter kurset i Sévaré, vart ettåringen fra Bamako, Knut med meg til Douentza. Her starta vi gårsdagen med ein interessant tur til markedet. Eg bestilte nemleg spaghetti og kjøtdeig av hushjelpa, som forøvrig heiter Fanta. Men kjøtdeigen hadde vi ikkje hus. Så då var det til markedet utan språk for å få tak i kjøtdeig. Vi kjøpte 5 kilo kjøtt, og venta på kverna som skulle omgjera kjøtet til deig... Men denne var tydeligvis ikkje på marknaden. Nei, ein av slaktarane visste råd. Han tok likeså godt med seg Knut og eg heim til familien hans, og sysselsatte heile familia til å kverne opp kjøttdeigen. Eit par av gutane i huset vaska kverna, mennene skar kjøtet, mens jentene i heimen stod for sjølve kverninga. Det heile tok over ein halv time, og kosta oss nokre kroner. Då vi kom heim venta ei fornøyd hushjelp med kverna, svært glad då det viste seg at vi alt hadde fått kverna kjøtet...



Under ser du eit tilfeldig bilete av nokre fjell her i Douentza. Det er eit svært vakkert landskap som omgir byen, med flotte turmoglegheiter...

Helsar dykk alle med fred!

fredag 4. september 2009

Hårklipp for 6 kroner og 50 øre!

Siden sist har det vært innholdsrike dager her i Mali... Akkurat nå er jeg for tiden i Sévaré, en by jeg er blitt glad i. Her har vi innføringskurs om fulanikulturen, landet og om det å være misjonær her i Mali. Ett flott, og svært lærerikt kurs som varer til neste onsdag.

Om du lurte på hvordan det går med hønsefamilien mens jeg er her, lurer jeg litt på det samme. Men samtidig er jeg sikker på at det er i trygge hender, da jeg har ansatt en av vaktmannens sønner, som hønsepasser denne uken mens jeg er borte fra Douentza...

Når vi snakker om høns må jeg også ta med ett glimt fra hverdagen, og middagen min nå på fredag. Da kom nemlig hushjelpen min med en levende høne på trappa mi. 4 timer etterpå, og etter at jeg hadde betalt 1 krone til slaktergutten, hadde jeg ett utsøkt hønsemåltid med ris og en fortreffelig saus. Ganske så ferskt kjøtt med andre ord!

Nabobyen til Sévaré, Mopti har vi også besøkt under dette kursoppholdet. Det er en flott havneby, der elvene Niger og møtes. Der kjøpte jeg i dag, torsdag, en leselampe og en radio. Og det er ikke en hvilken som helst radio. Det er nemlig en kortbølgeradio, der jeg kan få inn BBC og dermed fotballen fra England... Det å være her i Mali uten min vante tilgang til Manchester United er en interessant og lærerik prosess. Tror jeg skal skrive ett blogginnlegg om dette temaet ved en senere anledning. Men nå skal jeg altså gå tilbake til BBC og radiosendingene fra Premier League. Håper det blir ett vellykket prosjekt!

Men tilbake til overskriften... På mandagskvelden gikk jeg til frisør i Douentza. Det var en eksotisk opplevelse. Håret ble en del kortere enn jeg hadde tenkt, men egentlig er det praktisk med kort hår her i varmen. Prisen var jo enda mer praktisk.

På søndag reiste vi til en flott sanddyne 10 km utenfor Douentza. Dette var en nydelig tur, med flott utsikt, og flott natur. Legger med noen bilder, fra dette besøket. Legg merke til hvor grønt og vakkert det er her i landet nå! Mine fordommer om ett gult land ble raskt knust når jeg kom hit! Men, så er det tross alt regntid... I april og mai; i varmetiden ser det visstnok ganske annerledes ut...