lørdag 12. september 2009

Tijabo!

Her i Douentza, er det eit ord ein snart lærer seg, og det er tijabo! Om ein ikkje lærer seg betydningen lærer ein seg i det minste å seie ordet. Ordet betyr visstnok takk, men brukes både som innledning, avslutning og undervegs i ein samtale. Litt sånn som "hei" og "ha det", og "takk", og "har du det bra?" Det er i det minste slik eg bruker ordet...

Etter kurset i Sévaré, vart ettåringen fra Bamako, Knut med meg til Douentza. Her starta vi gårsdagen med ein interessant tur til markedet. Eg bestilte nemleg spaghetti og kjøtdeig av hushjelpa, som forøvrig heiter Fanta. Men kjøtdeigen hadde vi ikkje hus. Så då var det til markedet utan språk for å få tak i kjøtdeig. Vi kjøpte 5 kilo kjøtt, og venta på kverna som skulle omgjera kjøtet til deig... Men denne var tydeligvis ikkje på marknaden. Nei, ein av slaktarane visste råd. Han tok likeså godt med seg Knut og eg heim til familien hans, og sysselsatte heile familia til å kverne opp kjøttdeigen. Eit par av gutane i huset vaska kverna, mennene skar kjøtet, mens jentene i heimen stod for sjølve kverninga. Det heile tok over ein halv time, og kosta oss nokre kroner. Då vi kom heim venta ei fornøyd hushjelp med kverna, svært glad då det viste seg at vi alt hadde fått kverna kjøtet...



Under ser du eit tilfeldig bilete av nokre fjell her i Douentza. Det er eit svært vakkert landskap som omgir byen, med flotte turmoglegheiter...

Helsar dykk alle med fred!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar