tirsdag 22. september 2009

Livet i Mali!

Ja, no er det ei viss tid sidan sist eg har skrive på bloggen! Har funne ut at eg vil prøve å skrive dei fleste av desse innlegga på målføre nynorsk, då det er eit målføre som gjer seg svært godt skriftleg.

Men kva gjer eg eigentleg i Mali? Det er ikkje sikkert du veit det, og sant å seia har eg ikkje alltid visst det sjølv heller. Men etterkvart som tida gå, byrjar eg å få forståing av kva eg er med på. Som dykk veit er eg sendt ut som ettåring fra Det norske misjonsselskap. Likevel måtte ein snart bli fortruleg med forkortinga MELM når ein kom ned hit. Her i Mali er eg nemleg ansatt i MELM, Mission Evangelique Lutherienne au Mali, (dersom fransken er rett skrive...)

Den evangeliske målgruppa for MELM er fulanifolket. Eit spanande folkeslag som eg burde skrive meir om, men eg har ikkje mine skriftlege kjelder om desse føre meg no, så eg sparar det til eit seinare høve.

I Douentza, der eg bur, skal eg være barnehageonkel for dei norske borna tre gonger i veka. Være med i feltet (les: bushen) på evangeliseringsarbeid ein dag i veka. Og lære litt fransk, samt planlegge barnehagen den siste dagen i veka.

Då eg har vore i ei innkøyringsperiode no i starten, samt at ikkje alle misjonærfamiliane var komne, har det teke noko lang tid før ein ordinær kvardag inntreff. Den har forebels ikkje inntruffe endå, då eg for tida igjen er i Sévaré. Her i Sévaré er det for tida misjonærmøte med alle misjonærane i MELM, så i denne perioden har Knut og eg ansvaret, saman med rektor Lise, ansvaret for drifta av Den norske skolen, og barnehagen. Det er flott og givande å være saman med borna. Men eg vart overraskande trøytt etter skule- og barnehagedagen.

Til sist i dette innlegget legg eg ved nokre bilete som Knut har teke med sitt kamera. For eigentleg er det litt alvorleg at eg ikkje finn att ladaren til kameraet mitt. Men eg får no ein gong leita gjennom alle skuffene i heimen min. Sjølv om eg djupast sett alt har gjort det.




På bilete over ser du Knut og eg på ein liten fjelltur i Douentza rett bak heimen hjå meg. Ein kan også merke seg resultatet av hårklippen til 6 kroner og 50 øre.


Her ser dykk Knut og eg på Ramadanfest i Sévaré, nå på søndag. Det var stilig!



Her er eg på veg heim etter å ha vore i barnedåp i ein by som heiter Boni. Eg måtte helse på nabosauen til vaktmannen.

2 kommentarer:

  1. Så kjekt me oppdatering igjen! Kos deg videre! :o)

    SvarSlett
  2. eg bare elske dette fantastiske bilde av deg å geitå. d henge snart i kjellarstuå mi nå:)
    torger

    SvarSlett