lørdag 1. mai 2010

Ynskjer dykk alle ein gledeleg 1. Mai!

Hei til den enkelte!

Ja, då var det igjen to veker sidan siste blogginnlegget vart skrive. Som dykk kanskje veit har eg eit overordna mål om å oppdatere bloggen kvar veke, men det er ikkje alltid det let seg gjera.

Sidan sist har eg altså hatt ei veke i Sévaré, og har no vore ei veke i Douentza igjen. Når vi var i Sévaré hadde vi som vanleg skule og barnehage der, samtidig som vi var eit par gonger i bassenget. Sistnevnte aktivitet er alltid hyggjeleg.

På torsdagen var heile MELM, samla til avskjedsfest på eit hotell for dei av oss som skulle avslutta sin periode i Mali til sumaren. Sjølv om eg fortsatt skal være her i ein god månad til, var det litt vemodig å være på ei slik tilstelning. Eg fekk tid til ettertanke over eit år eg kan sjå tilbake på glede og takksemd. Vidare var det både tale og sang, og geitene i dyrehagen spela ei sentral rolle i sangen. Eg fekk mellom anna også ein kamel, skåret ut av tre, som kan stå på lesesalen min til hausten i hovedstaden. Det blir flott å kunne sjå på denne og minnast Mali, om stundene på lesesalen blir litt tunge. Ja, for ein kan undra seg kva tirsdagsaktivitet eg kan bedriva til hausten, då eg ikkje lengre kan dra på den ukentlige kamelturen.

Elles har eg i Douentza hatt ei fin veke, med barnehage tirsdag, onsdag og fredag, samt at eg hjalp til på skulen på torsdagen. På mandag var eg med bistandsprosjektet til MELM ut på tur i bushen. Det var hyggjeleg og svært interessant. Her vitja vi tre stader. Sjølv hugsar eg berre namnet på ein av dei, men eg kan fortelje om dei tre stadene. Den fyrste staden vi vitja er det eit vannpumpeprosjekt som står på agendaen. Dette var i eit område med mykje gras (riktignok visna på rot av tørken no), men det blei for langt unna drikkevatn, slik at det var vanskeleg for dyra og nytta og spise av graset. Difor driv ein her med byggjing av ei vannpumpe som det er målet kan gje vatn til mellom 3500 og 5000 storfe per dag, så det er ikkje småtteri vi snakkar om her!


Over ser ein styret i bistandsprosjektet til MELM, der ein har vannpumpeprosjektet.

Vidare besøkte vi ein landsby der alfabetisering stod på agendaen. Her har MELM vore inne eit par månadar, og lærer ungdommen å lese og skrive. Blant fulanerne som bur i grisgrendte strøk, kan det være langt til skulen. Difor var det fint å sjå at slike alfabetiseringskurs kan gje resultat, og i det minste gje ei grunnleggjande forståing av tallsystem og alfabet.


Her ser ein Hama, som stolt skriv namnet sitt, etter at han har fått delteke på alfabetiseringskurs.


Til sist denne dagen besøkte vi Kourmikoro. Byen der rallygutta i januar hadde bidrege med pengar til ny skule. På bloggen her kan du gå tilbake i arkivet og lese om festen vi var vitne til, då grunnsteinen til skulen vart lagt ned. Difor var det særs gledelig å komma tilbake til denne byen, og sjå at bygginga var kome særs godt i gang. Slik eg kunne sjå var det berre taket, samt golvet som mangla. Så etter planen kan nye elevar byrja på skule etter sumarferien her.


Skulen i Kourmikoro, som er kommet godt i gang.


Nokre kvinner og born stampar hirse. Også dette i Kourmikoro.

Til sist kan eg gje nokre glimt frå dyrehagen. I dag har vi klipt vekk litt av pelsen på halane til geitene. Eg fekk hjelp av ein lokal gjetar her i byen, Amido Diallo, som forstod seg på dette, og meinte at det var noko ein burde gjera inn i mellom. Om geitene likte det særs godt, er heller tvilsomt, men mogleg dei set pris på det i ettertid.

Vidare spiste eg ei av hønene mine til middag sist veke. Då eg no ser enden på tida her i Mali, vurderer eg om eg skal slakte ei høne kvar veke til middag. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera med resten av dei når eg fær her i frå. Det er nok alltids mange som vil ha dei, men eg vonar det er nokon som behandlar dei godt i så måte. Eg har ikkje så lyst at hønsa mine skal hengje levande opp ned på utsida av ein bil ein heil dag, noko som dessverre er ein vanleg måte å transportere høns i dette landet. Geiter og sauer bind ein fast på taket på bilane. Eg er ikkje særs begeistra for ei slik transportering heller. Derimot å spisa mine eigne høns har eg mindre problem med. Når eg spiser dei, føler eg dei endrer substans. Når dei ligg på tallerken er det berre kjøt eg et. Eg fokusurer ikkje så mykje på kva eg et.

Vel, eg let det være med dette i denne omgong. Ynskjer dykk alle ei framleis god helg! Fred til den enkelte.


Her ser ein underteikna i Afrika-klede, saman med geitene Smilodon og Pysa.


Her ser ein godt lasta bil, med folk på toppen av lasset, samt hønsa hengjande på sida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar