lørdag 17. april 2010

God lørdagskveld til den enkelte!

Ja, no har eg alt vore i Douentza i ei veke etter at eg sist laurdag tok bussen frå hovedstaden og heim. Det er ei reise eg er glad for eg ikkje skal gjera igjen, men samstundes var det ein interessant erfaring. Turen i seg sjølv er rundt 80 mil, og starta klokka 07.00 frå Bamako. Då hadde eg alt stått ein time og venta på å få komme inn i bussen. Det gledelege denne ventetida, var å betrakte regnfallet som stod over i byen. Det var det fyrste regnfallet eg hadde vært vitne til på over 5 månader, og det er sjeldan eg verdsett regn så mykje som eg gjer i dette landet.

Etter kvart kom altså byrja bussen å gå, og den ankom Douentza 20.30. Altså 14,5 time etter at eg hadde møtt opp i hovestaden. Det er for så vidt lenge nok i 40 grader, men eg hadde god plass like bak sjåføren, og eg slappa av med at han vindauget ope, så eg fekk i det minste litt luft. I tillegg var eg glad eg hadde min medbrakte iPod for handa.

Når det gjeld regn, fekk vi faktisk regn på torsdag også her i Douentza, samt natt til fredag. Det var flott å kjenne på regnet, som friskar opp lufta, og bind litt av støvet til bakken. Difor vart eg nesten litt overraska då eg i dag vakna opp til ein klassisk støv-dag. Eg hadde vona torsdagens regn ville føre til mindre støv, men støvet som no ligg i Douentza, har nok kome med vinden, og kan ha kome lang vegs frå. Nokre slit med oske frå vulkanar, mens andre slit med sandstøv frå Sahara. Torsdag målte eg forøvrig foreløpig makstemperatur her i landet med 42,8 grader. Det byrjar å bli i overkant, men eg ser på det som ei interessant erfaring. Likevel skal eg ikkje legga skjul på at det er godt det finnes air - condition anlegg.

Når det gjeld dyrehagen kan eg nemna at det no ikkje finst eit grasstrå, der vi til no har hatt geitene våre. Og endå skal det gå 2-3 månader før det livgivande regnet kjem for fullt i dette ørkenlandet, og gjev nytt liv og ny vår endå ein gong. Så det er nesten som eg har litt vondt av geitene, som nok saknar det grøne graset. Likevel har dei mat, så dei lid nok inga naud. Men dei saknar nok det grøne graset, for dei er ikkje overbegeistra for det næringsfattige høyet vi no gjev dei. Særleg geita Linn står og brækar kvar kveld, og ynskjer seg nok heller noko grønt.
Det triste med høyet her i landet er at det blir kutta når det alt har tørka på rot. Hadde ein her hatt kunnskap og vilje, kunne ein ha kutta graset medan det endå var grønt og bevart mykje meir av næringa. Så høyet fungerer ikkje som stort meir enn magefyll.

I dag har eg sett fotball i 180 minutt fordelt på to spanande fotballkampar. Fyrst var det Manchester United, som vann ein særs viktig 1-0 siger over bynaboane City, medan eg deretter såg Tottenham slå Chelsea, slik at Chelski no berre ligg eit poeng føre United når det gjenstår 3 kampar av eliteserien i England. Så plutseleg vart det heile særs spanande igjen. Skal United klare å vinne 4 ligatitler på rad, samt ta sin tittel nummer 19? Eg velg å leva i vona.

Vidare kan eg beretta at vi i morgon reiser til Sévaré, og skal halda skule og bornehage der heile neste veke. Eg har vel nærast hatt ein tur der kvar månad gjennom dette året, og det er nesten som eg er litt metta på den byen. Likevel har eg funne ein særs koseleg stamrestaurant der, som eg jo sjølvsagt må avleggja nokre besøk. Det er noko eg held høgt med Sévaré. Nemlig moglegheita for gode restaurantbesøk.

Til sist i dette innlegget legg eg ved nokre bilete frå februarbesøket i den sagnomsuste byen Timbuktu.



Guiden vår som viste oss rundt i byen.


Her står underteikna og guiden.


Her ser vi koranskule utanfor ein moské i byen. Her lærer elevane seg som namnet tilseier koranen; på arabisk.


Timbuktu i solnedgang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar