tirsdag 6. april 2010

Helsar dykk alle frå Bamako!

Hei til den enkelte, og god etter - påsketid om det kan seiast!

Sjølv feira eg som dykk veit den stille veka i Senegal, saman med Knut. Det var flott å vitje eit av nabolanda til Mali, men det er ingen tvil om at Mali er betre i lengda. Særlig i Dakar var det slitsomt å være kvit, då ein fekk særs mange "vener" som ropte "mon ami" eller "my friend" etter oss. Dei skulle kanskje selga oss noko eller berre vise oss rundt i byen, gjerne mot betaling. Dette var ein service vi ikkje ynskja, så taktikken vart å ikkje sjå nokre i augene eller respondera på desse tilropa. Dette opplevde eg som mot min natur, då eg djupast sett likar å sjå folk i augene og helse på folk som helsar på meg.

Men Dakar var elles ein flott by, med den spesielle slaveøya Gorée, som ei av hovedattraksjonane. Dette var ei øy som hadde fungert som lagringsplass for dei afrikanske slavane, før dei vart frakta vidare mot det amerikanske kontinent.

Vidare besøkte vi St. Luis 26 mil nord for Dakar. Dette var vel kanskje byen vi likte oss best i. Denne var bygd over to mindre øyer, som gav den eit særpreg. I tillegg var det ulike fargar på husa i byen, som gjorde den fargerik. Denne byen hadde vore eit hovedsete for franskmennene under kolonitida.

Elles hadde vi nokre dagar i badebyen Saly. Det var herleg å få bade i atlanterhavet, få sjå havet igjen, kjenne på havlufta igjen, etter eit godt halvår her i ørkenlandet Mali.

Søndagen, 1. Påskedag, var det nasjonaldag i Senegal, samstundes som dei feira 50-års dagen etter uavhengigheten fra Frankrike. Så her vi fekk vi også med oss militærparader, folketog, og ein vinkande president som kjørte i åpen bil. Kjekt å få med oss denne begivenheten, sjølv om det må seiast at eg sakna å få gå i påskedagsmesse, noko som er ein livslang tradisjon for meg.

Same dag sat vi på flyplassen i 5 timar og venta på flyet som skulle gå til Bamako. Då vi til sist trudde vi skulle få gå ombord vart flyet kanselert og vi måtte tilbringe ytterligere 24 timar i Senegal. Vi fekk riktignok hotell og god mat dekka av flyselskapet, men det hadde vore betre å kome seg heim att til Mali. Då vi til slutt landa i Bamako i går i 17.30 tida, blei det meldt om 40 grader over høytaleren, og det må seiast det var ein overgang å komme ut i den varmen, etter å ha fått kjølt seg ned med nokon og 20 grader i Senegal.

No er eg altså i Bamako og skal være her til laurdag. Her i hovedstaden skal eg få innblikk og innføring i arbeidet til MELM. Flott med nokre dagar i hovedstaden og. Det er mest som ein er i eit anna land, om ein samanliknar med Douentza.

Ynskjer dykk alle ei fredfull veke vidare!



Her sit Knut på hestesightseeing i St. Luis. Sjølv er eg allergisk mot hest og måtte hoppe av undervegs.


Her er Knut og eg på safari og ser nokre sjiraffar mellom anna. Koseleg!


Flotte dyr desse sjiraffane!


Her er vi på slaveøya utanfor Dakar. Dette huset var sjølve "slavehuset".


Her kan ein sjå havet utanfor badebyen Saly. Atlanterhavet.

1 kommentar:

  1. koseligt å lese:)
    kossen går d me dyrå dine?
    å me deg?

    klem fra heidi

    SvarSlett