onsdag 26. august 2009

Mitt nye hjem i Douentza!



Ja her sitter eg nå i mitt nye hjem i Douentza! Eg flytta inn her på søndag, og har ei litt rolig uke for å komme i orden, og bli litt kjent i byen og ellers her eg bor.

I dag var eg tur i byen med ein trømoped. Veldig fin tur, heilt til mopeden stoppa av bensinmangel. Eg ringte Kjell Magne og høyrte kva eg måtte gjera... han forklarte meg kordan eg kjøpte bensin. Då måtte eg tråkka mopeden ett par tre hundre meter, og det var ganske tungt i over 30 grader.... Men det gjekk seg til, eg kom fram og fekk forklart at eg måtte ha bensin uten at nokon av oss hadde språket til å forstå kvarandre... Då mopeden framleis ikkje starta måtte vi levere den på ein verkstad. Den var ferdig igjen ett kvarter etterpå. Eg betalte verkstadrekninga på 13 kroner, og køyrde heim att. Koselig med moped så lenge den ikkje stoppar...

Men det var den nye heimen min, dette innlegget skulle omhandla... Her er det veldig bra. Stort og godt hus. Mykje større enn eg er vant med frå hybel i Oslo, og ein flott hage... Og nettopp hagen er noko som gler meg. Her stod hønseburet klart, og som nokon har fått med seg fekk eg allereie på måndagskvelden tak i tre høns og ein hane for 60 kroner....


Hønsefamilien har allereie fått namn... Då eg ringte min gode ven Harald i Noreg, kom han med fylgjande namneforslag: Hanen skulle heite Harald, og dei tre hønsa skulle heite Magnus, Jan Einar og Jan Radikal... Kven som er kven av hønsa har eg ikkje bestemt. Ikkje ser eg stor skilnad på dei heller, då dei er særs like kvarandre.... Eg har også planar om å få meg eit par geiter, men eg skal i veke ned til Sevaré på måndag, så eg må nok venta ei god veke på det prosjektet... Esel kunne eg visst også fått meg, men då eg er allergisk mot hestar, kan det tenkast at heller ikkje esel blir min beste ven.

I hagen har eg også erverva ei skillpadde frå ein tidligare ettåring. Egentlig ganske koseleg den også! Likevel skal det seiast at eg ser godt kvar eg trakkar når eg går i hagen. For nokre veker sidan vart ein spyttkobra observert i den... Dette er ein svært giftig slange, som visstnok kan spytte gifta seg opptil fleire meter...

4 kommentarer:

  1. Hei Jan Erik!
    Det er flott du har fått husleg orden i stråhytta di.
    Men eg likar ikkje at du drikk sprite på ein kvardag samans med pringles.

    Eg nyt senga enno.

    SvarSlett
  2. Hallaisen.
    eg syns hønene ska ha hu navn. å ikkje mannenavn. men e kjekt å lese om deg å livets gleder.

    SvarSlett
  3. Hei Jannis! Så kjekt å lesa om ka du holde på med om dagane! Ser ud så du har det bra!

    SvarSlett
  4. Hei hei Westen!
    Så utrolig festlig å lese. Sitter å ler for megselv her nede på Madagaskar!
    Kjekt å se at du har det fint! :)

    SvarSlett